© 2018 Skjerdal Stølsysteri og Kafè

  • Svart Facebook Ikon
  • Svart Instagram Ikon

Skjerdal

5745 Aurland

Norway

OPPLEV AURLAND

Lokale mat og handtverksopplevingar

MARIANNE BAKERI OG KAFÈ

Juli til september er høgsesong for å sykle rallarvegen frå Haugastøl eller Finse til Flåm. Denne turen tek deg også frå høgfjellet til fjorden, og er perfekt i kombinasjon med stølsbesøk i Skjerdal. Ein fin tur for folk i alle aldrar. Meir info finn du på Rallarvegen.com. 

Du finn SAKTE-bedriftene i fabrikklokale på Aurlandsvangen, på fjellgardane, i kvar ei grend og på fjorden. Du finn oss der folk bur. 

SAKTE-alliansen er eit merke for mat- og opplevingsprodukt med rotfeste og lojalitet til verdsarven. Verdiskapning skjer i møte mellom menneske. Ved å handle produkt og opplevingar frå SAKTE-bedriftene bidreg du til bærekraft for busetnad, miljø og natur i Verdsarvområdet.  

Aurlandsvangen er eit sentrum for lokale handtverksprodukt. Der finn du den vidkjende Aurlandsskoen, med èconomusèe du kan lære på, og ein innhaldsrik butikk med handlaga sko og produkt i lær. 

Eit par hundre meter frå Aurlandsskoen finn du Glasblåsar Merete Rein i eit raudt naust. Sidan 2007 har ho laga glaskunst inspirert av natur og liv langs fjorden. 

Etter handleturen kan du ta deg ein ein kopp god kaffi og verdas beste kanelbollar hjå Marianne på Marianne bakeri og kafè. Med hjartet i faget, lagar Marianne Holme brød og bollar med gode, lokale råvarer. 

På Gardsbutikken til Sogn jord- og hagebruksskule finn du alt du kan tenke deg av økologiske råvarer og kvardagsprodukt. Stopp innom for å kjøpe fersk frukt og grønt for sesongen, eller nøtter og mjøl i lausvekt. Dei har også varer frå mange av bedriftene i Sakte-alliansen, som Haugen Gardsmat og Undredal Stølsysteri. 

La deg inspirere av alle bedriftene i Sakte-alliansen her. 

Attraksjonar i området 

Aurlandsdalen 

Den vidkjende Aurlandsdalen er for mange eit reisemål i seg sjølv. Turen kan gjerast på alt frå tre dagar frå Finse til Vassbygdi, eller som ein dagstur frå Stemmerdalen eller Østerbø til Vassbygdi. Turen tek deg frå høgfjell til fjord, frå skrint landskap gjennom ein dramatisk og grøn dal.  Frå Skjerdal er det om lag førti minuttar køyretur til starten ved Østerbø.

Les meir om turen på UT.no.

Nærøyfjorden

Rett ut i fjorden frå Skjerdal ligg munningen på Nærøyfjorden. Området er på UNESCO si verdsarvliste, og er ei vakker oppleving heile året. Med Njord Kajakk får du profesjonell og sikker guiding i verdsarvfjordane for eiga maskin.

 

Vår samarbeidspartnar Flåm Guide Service kombinerer RIB-turar i fjordlandskapet med guiding til stølskafèen vår i Skjerdal, og produkta deira finn du her. The Fjords i Flåm tilbyr turar med dei prisvinnande, elektriske fartya Vision of the Fjords og Future of the Fjords. 

Rallarvegen

Vidkjende Rallarvegen går frå Haugastøl i Hallingdal til Flåm. Mange syklar også turen frå Finse. Der går dei seks mila for det meste i flatt terreng og nedover Flåmsdalen. Frå høgfjell til fjord byr Rallarvegen på det beste av Vestnorsk natur. Sykkeleventyret passar for dei fleste, både små og store. Turen kan du kombinere med eit opphald på vårt utleigehus Bygningen, eller legg inn eit besøk på Stølskafèen før eller etter Rallarvegen. 

Kontakt oss

Lurar du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!