© 2018 Skjerdal Stølsysteri og Kafè

  • Svart Facebook Ikon
  • Svart Instagram Ikon

Skjerdal

5745 Aurland

Norway

OM OSS

Overskrift

Tekst...

Garden

Garden ligg i Aurland kommune, på ei fjellhylle med oversyn over Aurlandsfjorden og inn til Flåm.

Garden Skjerdal er eit typisk familiebruk på Vestlandet, drive av Anne Karin Hatling og Harald Skjerdal. Vi driv allsidig økologisk landbruk med husdyr og litt frukt. Geitene er hovednæringa på garden. I tillegg har vi sauer og ein dølahest, som likar seg godt når ho får gå i utmarka heile sommaren. Hestane brukar vi til kløvjing av ved og ost om sommaren, men for det meste lever dei det gode liv. I den bratte fjellsida ned mot fjorden har vi eple- og morelltre og sommarhuset Bygningen.

Garden er brattlendt, og vi har om lag 70 mål med innmark. Det meste av slåttearealet er natureng. I dalane bak Skjerdal har vi store fjellområde med gode beite for sau og geit. I august bufører vi geitene til fjells, til Øystølen, der vi driv stølsdrift på ”gamlemåten” med ysting og koking av brunost. Då er det hestane som står for transporten av ved og proviant til stølen. 

Om sommaren er det eit yrande liv på vollen ved stølsysteriet på Leim. Harald syt for slåtten saman med dreng og døtrene når dei er heime på ferie, og Anne Karin og budeiene ystar ost og tek i mot gjester på stølsysteriet. Slik lev tradisjonane for brattlendt gardsdrift og ysting vidare over Aurlandsfjorden. 

Skjerdal stølsysteri og kafè

På Skjerdal stølsysteri og kafè er du garantert å møte fleire geiter enn turistar. 

Stølen Leim ligg 400 meter over den vakre Aurlandsfjorden. Her har det vore stølsdrift i mange genererasjonar. I 2010 bygde vi Skjerdal stølsysteri og kafè, for å  ta den tradisjonelle stølsdrifta inn i ei moderne tida. På stølen treffer du budeiene og geitene våre, og kanskje sauer og hestar òg. På vegen opp kjenner du den gode lukta av kokt brim, akkurat som for hundre år sidan.

Turen til Leim frå garden der du parkerer bilen tek omlag ein halv time. Det er ikkje langt, men nokså bratt og du treng gode sko. Velkomen til støls for å kjøpe brun og kvit geitost!  Ta deg tid.

Vi har ope mellom 1. juli- 30.august, mellom klokka 10 og 19 om kvelden. 

Skjerdal på kartet

Her finn du oss

Skjerdal stølsysteri og kafè ligg i Aurland kommune, over Aurlandsfjorden. Bygda ligg 2,5 time frå Bergen. Berre 20 minuttar køyring og ein halv time vandring frå turistmetropolen Flåm, kjem du til stølen der du garantert møter fleire geiter enn andre reisande. 

Den finaste vegen til Skjerdal, er sjøvegen. Om du blir med på Flåm guide service sin kombinerte RIB-tur og vandring, får du det meste ut av fjord- og stølsopplevinga. Den kan du booke på Flåm Guide Service si nettside. 

 

Reiser du på eigahand? 

Frå Aurlandsvangen føl du skiltinga ut fjorden til Skjerdal. Hald fram opp svingane, og parker bilen der det står P-skilt før den siste svingen opp til gardstunet. Hugs gode sko. Gå langs traktorvegen eller hovudvegen opp til gardstunet, og gå tvers igjennom. Følg traktorvegen vidare framover dalen. Du har heile tida stølskafèen i sikte. Framme i vegskiljet tek du over brua til høgre. Her er det nydeleg utsikt mot fossane og elvene som møtes! Kryss brua, og hugs å late att grinda. Traktorvegen tek deg opp den siste bakken, og du er framme ved den einaste kafèen i mils omkrins. 

Kontakt oss

Lurar du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!