top of page

BYGNINGEN

Overnatting med orkesterplass til fjorden

Overnatting i Skjerdal

For tiden stengt for utleie på grunn av anleggsvirksomhet.

​

Sommarhuset Bygningen ligg fritt over Aurlandsfjorden med utsikt til Flåm, Underdal og Nærøyfjorden Verdensarvområde. Frå Bygningen har du orkesterplass til livet på fjorden. 

​

Bygningen består av fleire små einingar som er bygd saman. Her har vi fire soverom, stove og kjøken, to bad og anneks med ekstra soveplass.

​

Det er til saman ni sengeplassar. I hovudbygningen er det to soverom. «Det blå rommet» har to sengeplassar med dobbelseng breidde 1.20. «Det grøne rommet» har tre sengeplassar i familiekøye; nedre køye 1.20 cm og øvre køye 90 cm. I Gamlestova er det to soverom, eitt med dobbelseng (breidde 1.80) og eit rom med to enkeltsenger.

​

Hovudbygningen har bad med dusj, vaskemasin og WC. I Gamlastova er det bad med dusj og WC.

​

Det er ein romsleg terasse, med grillhus og langbord. 

​

Parkering er ved hovudvegen. Det er om lag 250 meter å gå ned på sti gjennom ein idyllisk morellhage. Stien er bratt og ein må gå fleire trapper. Det er lurt å pakke i bagasje som er lett å bære, og ein må vere god til beins. 

​

BESTILL OVERNATTING

Reis sakte, opplev meir

Kontakt oss

Lurar du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Skjerdal-logo_nytt%2520utkast_edited_edi

Skjerdal

5745 Aurland

Norway

© 2026 Skjerdal Stølsysteri og Kafè

  • Svart Facebook Ikon
  • Svart Instagram Ikon
bottom of page