Velkommen til Skjerdal Stølsysteri og Kafè
Ta med deg familie og vener for å helse på geiter, sauer og hestar. På heimestølen Leim i Skjerdal har vi ein ubroten tradisjon med ysting av kvit og brun geitost. På kafèen kan du oppleve ekte stølsliv og smake tradisjonell stølskost.
Turen til stølen er ein vandretur på omlag ein halvtime frå parkeringa i Skjerdal. Turen går på traktorveg gjennom kulturlandskapet, med utsikt over fjord og fjell. Det er ikkje langt, men det er bratt. Hugs gode sko!
Vi oppmodar grupper på meir enn fem personar om å ta kontakt på e-post på skjemaet nedst på sida. Då er vi sikre på at det er nok mjelkekaker til de kjem!