
I Skjerdal kan du oppleva fjord og fjell med å bu og leva tett på kultur og natur. Du kan bu i Sommarhus ved fjorden , besøke budeiene på stølen og leve på kortreist mat frå Aurland.
Vi leiger ut det historiske sommarhuset "Bygningen". Bygningen passar godt for familiar som likar aktiv ferie. Det er sengeplass til 12 personar, godt utstyrt kjøkken, fjordvendt stove og stor møblert veranda med grillstove. Sesong frå frå 1.april - 30.oktober Les meir
Ta deg litt tid og les meir om kortreist mat, opplevingar og aktivitetar i Aurland.
Eit vekesopphald i Skjerdal gir mange muligheiter for dagsturar, t.d på Flåmsbana, Rallarvegen , Aurlandsdalen eller Verdsarvområdet i Nærøyfjorden. Er du interessert i fiske er Aurlandselvi og Flåmselvi tilgjengeleg, eller du kan ta ein tur i "Soleibakkane", fiskevatna i fjellområda som høyrer til garden.